|
torsdag 24. juni 2010 19:20 |
|
I dag var det klart for tempo på Orkanger i ei 30km relativt hard løypa. Eg var veldeg spent før start i dag, som eg skreiv tidlegare, har det blitt ein litt annerledes oppladning pga skade. Med 4 startar i ritt tidlegare i år så visste eg ikkje heilt kva eg kunne "bidra" med. Men eg var godt tent, kvalm og ekkel før start, og det er som regel eit godt tegn!!.-)) Det enda med sølv, noko eg er godt fornøgd med etter siste tids oppladning!
Eg fekk sekundering og fekk veta undervegs at det stod mellom meg og Gunn Hilleren. Men Gunn var nok ein gang veldeg sterk og greide å ta NM gull på tempo andre året på rad, gratulera så masse til ho!! Eg er likevel godt fornøgd. Dette er mitt 3 NM sølv på tempo + bronse (7 sølv totalt), så sånn sett var det surt å nok ein gang vera hakket bak. Men til tross er eg veldeg fornøgd forholda tatt i betraktning! Eg hadde Rune "på øyra" frå følgebilen bak og han gjorde ein svært god jobb med å få meg til å tyna ut det eg hadde. I morgen blir det ein roleg dag med beina høgt, før det blir ein ny spennande dag med fellesstart på lørdag.
Tina kom på ein fin 6. plass, Tone på 14. plass og Caroline på 26.plass. I morgon er det bane 3000 meter, her stiller Johanne og Caroline frå oss, og me kryssar fingrar og tær.
Elin
EFhgh |