team-alfra.no
Samarbeidspartnere
Så blir det NM på meg og likevel!!:-))
onsdag 23. juni 2010 14:20

Då er eg òg komen meg opp til Trondheim. Reiste rett etter jobb i går etter å ha fått logistikken til å gå opp meg pass av gutane og div., godt med gode venner og familie som villig stiller opp!! Rune kjem opp i kveld og skal vera med oss resten av NM uka. Tidlegare i vår, etter velten og skulderskaden under NC i Eidsvoll, såg det mørkt ut med NM deltakelse for meg. Men det har gått fortare på fram enn først antatt og eg har bestemt meg for å prøva meg på tempo og fellesstart etappane.

 Eg føler eg stiller med ganske "blanke ark" denne gangen, oppkjøringen har nok ikkje vore optimal og den har vore ganske annerledes enn planlagd. Det tok relativt lang tid før eg greide å sykla igjen og eg har ikkje fått trent skikkeleg før dei siste par vekene. Sjølve skaden er ikkje heilt bra enda, men det plagar meg ikkje vesentleg på sykkel lengre. Men når eg først er her så har eg tenkt å "bita i frå meg" så godt eg kan!! Første sprell for meg blir tempo i morgon, deretter fellesstart på lørdag. Det var kjekt å koma opp til Alfa jentene igjen og eg gledar meg til å koma igang. Me har allerede "fått kloa" i nokre NM medaljar; Tina tok bronse på lagtempo i lag med Ringerike i går og Johanne har i dag tatt bronse på bane 500 m!! Men ma har ikkje tenkt å gje oss der og er på medalje-jakt heile gjengen!!;-))

 
mod_vvisit_counterIdag19
mod_vvisit_counterIgår67
mod_vvisit_counterDenne mnd376
mod_vvisit_counterTotalt16417